torsdag 4. februar 2010

Ein piknik i England

Eg veit ikkje kva eg skal gjere neste år. Eg syns det er vanskeleg. Eg slit.

Men om eg berre kunne bestemt heilt korleis ting skulle vore utan å tenkje på økonomiske eller andre typar begrensningar ville eg nok reist til England ein stad der eg ville budd på eit lite loft hos eit koselig gamalt ektepar som lot meg ete middag med dei og som ba meg kjøpe sukkerbitar med heim frå butikken. Og den gamle dama ville lært meg å sy fine kjolar og så hadde dei begge fortalt meg fine fortelljingar frå liva deira. Og eg ville laga blåbærpai til dei og teke dei med på piknik i parken.


Og eg ville elska å sjå i fotoalbuma deira.

Eg hadde funne meg ein fin kafé som ville gje meg ein jobb og så ville eg kjøpt meg eit analogt kamera som eg ville eksprimentert mykje med og så ville eg kjanskje gått på eit fotokurs og vorte skikkelig flink. Og så ville eg ha lært meg å snakke flytande engelsk (britisk!) og det ville vore så herleg og eg hadde smilt frå øyre til øyre der eg rusla rundt frå loppemarked til loppemarked.

(Kjenner du eit slikt ektepar i England? - Call me.)

1 kommentarer:

Linn Borgny sa...

*Sukk* I'd give anything!!
Viss du finn to slike ektepar - call me.