lørdag 13. februar 2010

Free as a bird

Skihopp er eit bevis på at menneske aldri vil nøye seg med det vi kan. Vi vil alltid strebe etter det uoppnåelege. Og hopparane, dei vil fly. Dei konkurrerer om å bli best i noko dei ikkje kan. Og den som vinn vert, når alt kjem til alt, berre den med det minst mislykka forsøket. For dei landar ganske kjapt. Uansett kor hardt dei prøver, vil dei etter nokre sekund lande. Og om eg hadde vore ein fugl, ville eg nok ledd av deira nytteslause forsøk. Det ville vore som å sjå ein katt prøve å gjere som eit menneske. Det ville vore eit dårleg klipp på AFV. Det ville vore latterleg.

Men kanskje er det ikkje så dumt? For dei flyg jo. Om berre i nokre sekund, så svevar dei i lause lufta. Free as a bird. Og er det ikkje betre å gjere eit forsøk og få fly i nokre sekund enn å sitje på jorda og le av at dei landar? Kanskje er det ikkje nyttelaust likevel.



Joda, så. Kva gjer du ein laurdagskveld?

2 kommentarer:

Vilde Fagerland sa...

hehe, så sant så sant.
På en lørdagskveld blir jeg terrorisert av Johann og Lars Erik. Rett og slett.
:)

Marit Bye Vassli sa...

På en lørdagskveld ligger jeg å hører på OL på hemsen etter å ha spist is og kaffe, og venter på at kveldssamlingen skal begynne:)