Eg skreiv i eit tidlegare innlegg om post og at eg hadde sendt to pakkar den dagen. Ein av dei pakkane vil eg skrive litt om. For den er nemleg ein del av eit fint, fint prosjekt som er starta av bloggaren
hjartesmil. Prosjektet gå ut på at alle som vil vere med sender inn litt info om seg sjølv (kva ein likar, ikkje likar..) og så får ein etter kvart ein mail der nokon andre har skrive litt info om seg sjølv. Ut ifrå denne infoen skal du setje saman ein presang med minst fem ting som du skal sende til den personen det står om i mailen. No skjønar du sikkert òg at det er nokon andre som har fått mailen med info om deg og skal sende pakke til deg. Om ein er glad i å få post og likar å lage gaver er dette midt i blinken! Eg tykkjer òg det er fint at ein kan sende fine gåver til folk ein eigentleg ikkje kjenner. Kanskje får du deg ein brevven? Og det er jo fint.

Om du syns det høyrdes ut som eit fint prosjekt, kan du gå inn
her og lese meir detaljerte reglar og melde deg på.
Kva tykkjer du er fine ting å sende i posten?
2 kommentarer:
En polkagris eller en hagegnom :)
Stilig! Det er et skikkelig tøft påfunn! Og så koselig! :)
Legg inn en kommentar