mandag 22. februar 2010

It's only rock 'n' roll..

Eg går opp den lange bakken nok ein gong. Eg vert sprø når eg tenkjer på kor mange gonger eg har gått opp den same bakken. Kor mange gonger eg går opp og ned den bakken var dag. Kvite små flak treff beina mine. Håret mitt. Det stikk i dei bare armane under den tynne jakka. Eg har teke på meg vårjakka mi i protest. Denne nye vinteren ser ikkje sine eigne begrensningar. Verkeleg. Likevel smiler eg av snøen som dalar så fredleg og som smeltar på tunga.

Halvegs inne i korridoren, nokre meter frå døra mi, lyser eg opp og spring. Ja, eg spring faktisk. Tek skikkeleg sats og spring så den gamle skinnsekken til mor slår mot ryggen. Eg riv opp døra til rommet mitt, nøler eit sekund og snur meg for å sjå om nokon har sett meg. Det er ingen der. Eg er åleine. Eg smiler og gjev kanskje frå meg eit lite gledeshyl. Inne i gongen hiv eg av meg sekken. Den kalde vårjakken. Tøyskorne som er våte av snøen. Halvegs spring og halvegs dansar eg inn på rommet, slår på PCen, finn det er leitar etter og trykkjer "play". The Rolling Stones ljomar ut frå høgtalarane og eg hoppar, dansar og syng med luftgitar, lufttrommer og er rockedronning for berre ei lita stund.

It's only rock 'n' roll but I like it!

5 kommentarer:

Roger Drange sa...

Sensasjonelt smakfullt innlegg, Marita.

Du fangar den spontane gleda, det plutselege suset i hjarta. Det å verta riven med av dei krasse tonane frå ei knirkande plate, slik berre ein ungdom kan. I augneblunken er det berre deg og instrumenta. Deg, instrumenta, og fridomen. Det er dette du fangar. Du fangar det vakkert i ord.

Skriv meir, skriv meir!

Roger Drange sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Marita sa...

Oi! Takk for gode ord, Roger!

Lille-mini-Maria-me-krøller! (Så veit du kem eg e:) sa...

Du skriver bra, Marita:)

hugdal :) sa...

kun de store skriver så godt at jeg virkelig ser det for meg.
herlig, marita! :D