Eg har forelska meg på ny. Eg har kjennt ho før, denne kjensla, og no er ho her igjen. Eg har forelska meg på ny, og min kjærleik er Pink Floyd. Då eg høyrde wish you were here for fyrste gong var eg fortapt. Eg var solgt. Eg var forelska. No har det gått ei lang tid med lite Pink Floyd inntil eg for nokre dagar sidan låg the division bell i spelaren. Eg hadde gløymt kor fantastisk det var, men no kjem det tilbake. Og då eg på ny høyrde wish you were here på bussen i dag gjorde det fysisk vondt - så flott er det. Det er rart korleis enkelte band og songar treff så ufattelig godt og korleis det er så ulikt frå person til person kva som treff.
Her får du det som er nokre av mine favorittstrofer over alle andre strofer. Det er berre ord. Det er berre musikk. Men hos meg treff det midt i.
we're just two lost souls
swimming in a fish bowl,
year after year,
running over the same old ground
what have we found?
the same old fears
wish you were here
Kva treff deg?
She moves in her own way
For 1 dag siden

2 kommentarer:
Det som treff meg kvar gang er les på bloggen din, er at du er så utrolig god til å skrive! Eg nyt å læs innlegga dine, kanskje du skulle bli forfattar? ;) Ellers treff enkle og konkrete lovsangar meg, for eksempel at Gud elsker meg så høgt at Han sendte sin son for å døy for mine syndar! BigBang og Coldplay har jo óg mange djupe og "gode" tekstar og melodiar.
The Frames and Falling Slowly is what's touching me!
Legg inn en kommentar