"Den aller første jeg festet meg ved, var en morsom jente som stod i midtgangen med en svær papirpose bredfull av frodige appelsiner (...) Men det var ikke først og fremst posen med appelsiner jeg bet meg merke i, det var den unge damen selv. Jeg forstod med en gang at det var noe helt spesielt ved henne, noe uutgrunnelig magisk og fortryllende"
- Jostein Gaarder, Appelsinpiken
I dag såg eg appelsinmannen. Han stod der og venta ved overgangsfeltet. Plutseleg såg eg han stå der og vente. Og eg greier ikkje å gløyme han. Han var kledd til fest i svart dress, svarte sko, kvit skjorte og eit raudt slips. Eller kanskje kom han frå jobb? Eller kanskje tenkte han litt som eg ofte gjer; at kvar dag er ein fest og nokon anna grunn til å pynte seg treng ein ikkje. Men det spesielle var ikkje korleis han var kledd, men heller at han stod der og venta med tre appelsiner i hendene - to i venstre handa og ei som han dreiv og kasta litt opp og ned i den høgre handa. Han var appelsinmannen. Han stod der og venta og var appelsinmannen. Og eg greier ikkje å gløyme han.
Demokratiarbeid i Kenya
For 1 dag siden

4 kommentarer:
Well.. now you have to find him and get married ;D
Jeg fikk en liten følelse av Jon Fosse jeg nå, Marita...
Ja, Vilde, eg trur eg må leite etter han i påskeferien! Det er jo ei fin tid å leite etter appelsinmenn på, er det ikkje?:)
Jon Fosse, altså? Eg var der ikkje der den gongen de las den boka av han, eg. Så eg veit ikkje.. På kva måte?
Eg tenkte óg på Jon Fosse når eg las innlegget, du burde lese ei bok av han så skjøner du det fort. Eller kanskje vi skulle ta oss ein tur på teater, Marita?
Appelsinmannen ja, han var jammen magisk! Artig, han var liksom nesten litt malplassert der han sto å kasta på appelsina i den eine handa... Akkurat som om han såg etter nokon. Kanskje han sog etter deg, berre at han ikkje veit det enda...
Og ja, nynorsken er til ære for deg...;)
Legg inn en kommentar