tirsdag 30. mars 2010

omdøyping og omplassering

Sidan eg aldri har vore heilt nøgd med namnet på bloggen min har eg skifta namn og difor òg bloggadresse. Her kan du finne bloggen min med nytt namn og ny adresse.

mandag 29. mars 2010

Kjærleik på ny

Eg har forelska meg på ny. Eg har kjennt ho før, denne kjensla, og no er ho her igjen. Eg har forelska meg på ny, og min kjærleik er Pink Floyd. Då eg høyrde wish you were here for fyrste gong var eg fortapt. Eg var solgt. Eg var forelska. No har det gått ei lang tid med lite Pink Floyd inntil eg for nokre dagar sidan låg the division bell i spelaren. Eg hadde gløymt kor fantastisk det var, men no kjem det tilbake. Og då eg på ny høyrde wish you were here på bussen i dag gjorde det fysisk vondt - så flott er det. Det er rart korleis enkelte band og songar treff så ufattelig godt og korleis det er så ulikt frå person til person kva som treff.

Her får du det som er nokre av mine favorittstrofer over alle andre strofer. Det er berre ord. Det er berre musikk. Men hos meg treff det midt i.

we're just two lost souls
swimming in a fish bowl,
year after year,
running over the same old ground
what have we found?
the same old fears
wish you were here



Kva treff deg?

tirsdag 23. mars 2010

Uutgrunnelig magisk

"Den aller første jeg festet meg ved, var en morsom jente som stod i midtgangen med en svær papirpose bredfull av frodige appelsiner (...) Men det var ikke først og fremst posen med appelsiner jeg bet meg merke i, det var den unge damen selv. Jeg forstod med en gang at det var noe helt spesielt ved henne, noe uutgrunnelig magisk og fortryllende"

- Jostein Gaarder, Appelsinpiken

I dag såg eg appelsinmannen. Han stod der og venta ved overgangsfeltet. Plutseleg såg eg han stå der og vente. Og eg greier ikkje å gløyme han. Han var kledd til fest i svart dress, svarte sko, kvit skjorte og eit raudt slips. Eller kanskje kom han frå jobb? Eller kanskje tenkte han litt som eg ofte gjer; at kvar dag er ein fest og nokon anna grunn til å pynte seg treng ein ikkje. Men det spesielle var ikkje korleis han var kledd, men heller at han stod der og venta med tre appelsiner i hendene - to i venstre handa og ei som han dreiv og kasta litt opp og ned i den høgre handa. Han var appelsinmannen. Han stod der og venta og var appelsinmannen. Og eg greier ikkje å gløyme han.

mandag 22. mars 2010

Som i ein film

Av og til ser eg alt rundt meg som i ein film. Som når eg sit på bussen og høyrer bussjåføren skru opp volumet då "Bridge over troubled water" kjem på radioen og eg ser vidaugsviskarane som viskar og viskar og dråpane som målar vindauget prikkete om att og om att og aldri gjev opp, som i ein ævedans. Og lysa frå gatelyktene som dansar med og kjærteiknar andleta til pasasjerane - ein etter ein. Og mørkre der ute når eg kviler hovudet mot det kalde vindauget og stirar på verda som forsvinn bak oss eller som kjem imot oss.

Då tenkjer eg at "dette kunne vore ei scene i ein film".

søndag 14. mars 2010

england i bilete

i vinterferien reiste eg og Rebekka til England, og det var litt sånn her:

eg drakk te! blåbærte. og blåbærmuffins. nam!

og vi reiste mykje både under og over bakken

vi reiste blant anna med buss til ei fin piknikmark!

og ein mann lika hatten til Rebekka. det gjorde eg og.

og ja.

fredag 12. mars 2010

dei ukjende

Av og til skulle eg ønskje eg kunne sjå inn i livet til ho som sat ved nabobordet på kaféen, eller han som høyrde på altfor høg musikk på bussen, eller den gamle ekspeditøren i bruktbutikken som skalv sånn på hendene. Av og til skulle eg ønskje eg visste kven desse menneska var - dei som vi omgir oss med. Dei som ofte er så nære, men som vi ikkje veit anna om enn at dei skjelv på hendene eller at dei høyrer på ABBA eller at dei likar te og muffins.

Av og til skulle eg ønskje det var litt slik:

"Jeg husker en gang jeg fløy over byen. Jeg skuet ned på alle husene og kunne velge fritt hvor jeg ville dale ned for å kikke inn i stuene og soverommene til folk. Gjennom vinduene så jeg hvordan de forskjelligste mennesker levde, slik fantes det ikke den hemmelighet som jeg var avstengt fra å oppleve."

-Jostein Gaarder, Sirkusdirektørens Datter

tirsdag 9. mars 2010

Bøker

Eg likar å ha mine eigne bøker - å eige dei, ikkje berre bibliotek-låne dei (eg elskar bibliotek, misforstå meg rett, men det er eit anna innlegg). Slik kan eg streke under fine setningar og avsnitt i bøkene og dra dei fram gong på gong om det så berre er for å lese favorittavsnittet. Slik kan eg låne dei vekk til andre som vil setje pris på dei. Eg kan dra dei med meg over heile verda utan å bekymre meg for å slite dei ut, eg kan lese i mitt eige tempo og bokhylla mi vert sjåande meir ut som ei bokhylle.

Her er noko eg streka under i ei av bøkene mine i går då eg ikkje fekk sove:

"Det var altfor lett å fantasere, det var som å danse på tynn is, det var som å gjøre snodige piruetter på en glissen hinne over mange tusen favners dyp. Det var alltid noe kaldt og mørkt som lå og spøkte under overflaten."

"Vi sprudlet, vi bruste, det var som om vi badet i champagneskum."

-Jostein Gaarder i Sirkusdirektørens Datter